Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Gode gamle Vamp igjen

Med den første Vamp-vokalisten, Jan Ingvar Toft, tilbake på laget, blei det servert førsteklasses og sltesterk Vamp-nostalgi.

Toft var hovudvokalist utover frå starten på 90-talet og var med å gjere ein evergreen som "Tir n'a Noir" til ei veritabel landeplage. For oss med skyhøgt hårfeste og ein god del Vamp-konsertar på baken, er Toft sin retur til Vamp-rampelyset - godt nytt.

Men Vamp anno 2017 har så veldig mykje meir å by på- ikkje minst bluesgitarist Bjørn Berge som tilfører Vamp nye musikalske element og ny energi. Men Vamp sin tyngste post i balansereknesskapen er sjefen sjølv, Øyvind Staveland og sonen Odin Staveland, begge glimrande vokalistar og begge multi-instrumentalistar.

Summa summarum så har haugalendingane eit stort og variert register å spele på, noko over 900 menneske fekk nyte godt av på den nye kulturlåven på Svanøy i helga.  Viss en ser gjennom fingrane med ein alt for stor dose fylleprat i bakgrunnen på laurdagskonserten, så fekk Vamp ein skikkeleg sjarmøretappe på Svanøy i helga. Allsangen runga godt under klassikarar som  «Kun i Kveld », «Månemannen» og «Liten fuggel».

Til hausten har Vamp-fans noko godt i vente- eit nytt album med dagens besetning. Det blir eit nytt spanande kapittel i historia til bandet som snart har vore på vegane i 30 år.

Les hele artikkelen på firdaposten.no

Hva synes du om «Gode gamle Vamp igjen»