Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no

Spor av glør (i Praha)

Tekst: Marit Synnøve Vea / Musikk: Øyvind Staveland
«Spor av glør (i Praha)» finner du på: Siste stikk

I Praha tar du på deg nettingstrømper
og eggjer meg i prismekroners glans.
Mens skuggane blir levande på veggen,
så danser du ein heftig flamedans.

I Wien les eg linjene i handa
og sveiper deg i svarte enkeslør.
Bak stengde dører veit eg du kan tåla
ei iskald einsemd skapt av engleklør.

I München vil du mana meg til glømsel
og maler munnen raud med leppstift
så mine uskyldauge aldri sansar
den kalde, mørke viljes sterke drift.

I Stockholm søv du trygt på silkelaken.
Eg smør deg varsomt inn med blomeeim.
Fortapte skal med slokkast i kvarandre.
To trøtte sjeler som vil lengta heim.

Men her – så kan eg berre slokka lyset,
snu ryggen til og kviskra eit ”godnatt”.
I Florlette gardiner kveles elden.
Og alle spor av glør har vinden tatt.

© 2005 MajorForlaget